Heim

Heimeside for ferieleiligheit for utleige; ”Am Sonnenhang” i Ruhpolding, Oberbayern, Tyskland, Eigar: Hanne og Nils Gunnar Finne, Vik. – I tillegg finn du mykje opplysning om dette området, korleis komme seg dit osv. Vår leiligheit, W3, er ei av åtte i ”Sonnenhang”. Nettside for heile bygget, med fullstendig opplysninar, når det er ledig, prisar/pristilbod,osv: www.sonnenhang.com (kan også fåast med ”Google-oversetting til norsk”. Denne blir administrert av utleigeansvarleg; Martin Wink, opprinneleg hollender, som snakkar og skriv både engelsk og fransk, i tillegg til tysk og hollansk (men ikkje norsk!). Kontakt oss eller han gjerne for spørsmål osv. Sjå til venstre under Kontakt eller Lenker.

Sesongen varer heile året, med høgsesong frå jul til midt på vinteren (inkl. skiskyttarperioden), og høgsommar/tidleg haust (midt juli – beg. september). Då er prisane også høgst. Det kan gjerne ver vel så bra utafor denne sesongen; for eksempel mai – juni og september – oktober. Dette er begge fine fjellsesongar.