Fjellområde - turar.
For oss vestlendingar er kanskje fjell det viktigaste i livet. I Alpane er det nok av fjell; høge fjell – bratte fjell. Ruhpolding ligg i utkanten av Alpane; kanskje ikkje fullt så høge og ville som i Østerrike og Sveits. – Dei høge fjellmassiva ligg berre ein halv time unna; over grensa til Østerrike, eller i sør-austhjørnet i Bayern ved Berchtesgaden, med Watzmann og naboar. Her er det vilt terreng for dei modige; med klatring og utfordringar.
Det er mil på mil med godt merka turløyper i fjella. Rutene er nummererte, og beskrivne på kart/bøker, også med vanskegrad. Nede i bygda er det mindre utfordrande løyper, og sykkelstiar. Som i Norge, er det også i dette fjellområdet, mange stølar. Ein del har drift, og spesielt er det kyr som beiter her, sau er ikkje så vanleg. Ulikt Norge, er det servering på mange av stølane, som ei attåtnæring for bonden og hans familie. Gjerne enkle rettar som skiver med leverpostei, eller kaker. Drikke er kaffi, eller gjerne ein halvliter øl for den som likar det, og som kan vera godt etter ein slitsom fjelltur!


