Vik 07.12.2014
TUR TIL WC-SKISKYTING RUHPOLDING 2015.
Litt om Reisa.
Me vert ein forholdsvis begrensa gjeng som reiser i år. Og me reiser frå litt ymse stader, til ymse tider. Derfor ordnar kvar enkelt reise fram til flyplass i Norge, og i utgangspunktet også kvar enkelt flybillett (kan hjelpa til).
Retur måndag 19. jan. Eg kan ordna med minibuss Ruhpolding - Munchen Int. Flyplass.
Viktig å hugsa å ta med:
Pass må alle hugsa! Også Flybillett, Arenabillett (er tilsendt), Betalingskort, Pengar. Flagg er kjekt å ha; store eller små. Mobil (ved ringing til Norge, eller mellom oss der nede må ein slå +47 før nummeret). Reiseforsikring må kvar enket ordna sjølve.
Klede og sko.
Det er ikkje sikkert det er like bra vær heile tida. Ta derfor med varme klede og gode sko! Det kan vera mange timar å stå ute, og det kan vera sølete på vegane. Mykje finklede er ikkje nødvendig! På flyet kan me ta med koffert el.likn. på maks. 20 kg + handbaggasje (maks 10 kg).
Overnatting.
Me har 4 leiligheiter, fordelt på 2 plassar. Desse er:
- Am Sonnenhang, W3 (vår leiligheit), W5 og W8. Sjå www.sonnenhang.com : To soverom (eit med dobbelseng, eit med to separate senger), stove, kjøkken, bad, do.
- Bibelöd B4,. www.bibeloed.com Moderne leiligheit, romsleg, med to soverom (store dobbeltsenger, 2 x 2 m), stove, kjøkken, to bad, balkong.
Kart er laga og sendt ut; viser plassering av leil + div. anna. - Leil. har trådlaust Internett. – Alt sengetøy og handkle er inkludert og skal ikkje takast med. – Forslaget til fordeling av personar på leilegheitene er no gjort.
Sonnenhang W5 (nr. 1 på kart): Soverom I: Nils Gunnar og Hanne. Soverom II: Vidar.
Sonnenhang, W3 (nr. 1 på kart): Soverom I; Jarle og Einar. Soverom II: Erling
Sonnenhang, W8 (nr. 1 på kart): Ledig
Bibelöd B4 (nr. 4 på kart): Soverom I: Thomas og Bjørg. Soverom II: Ole-Thomas og Jorun Grete.
Innkjøp/mat.
Frukost lagar me sjølve i leiligheitene. Innkjøp gjer kvar enkelt ”gruppe”/leiligheit. Det er to store matvarebutikkar nær sentrum, er markert på kartet. Litt mat midt på dagen vert normalt på stadion. Middag kjøper ein normalt ute om kvelden, sjå nedafor (kan også lagast i leil.). Mynteinhet er 1 Euro = ca. 8,4 kr. Ein middag på restaurant kostar ca. 130 kr, ein halvliter ca. 25 kr. – Det er ikkje så vanleg å betala med betalingskort på butikkar og restaurantar (Visa el.l.). Dei har sitt eige ”kort” der nede, Eurokarte, som er vanleg i bruk. Ta derfor ut kontantar i bankane (to bankar i sentrum i Ruhpolding), og betal med kontantar.
Kveldsmat (middag).
Har no styrt med å få tak i plassar å eta om kvelden, i samla gruppe (dei som vil ordna sjølve, er sjølvsagt ok). Vert følgjande forslag:
Onsdag kveld kl. 19.30: "Maibaumstüberl", i sentrum over gata frå Hotel Post. Sjå kart.
Torsdag kveld: Halve gruppa: "Holzstube", 1 - 2 km utafor sentrum, retning stadion.
Halve gruppa: "Alte Säge", kl 20, rett ved Am Sonnenhang, nr. 1 på kartet.
Fredag kveld: Som Torsdag, men omvendt.
Laurdag kveld: Hotel "Zur Post" kl. 19. Sjå kartet.
Sundag kveld: Hotel "Ruhpoldinger Hof", tvers over gata for "Zur Post". kl. 19.
Konkurransar.
Skiskyttararenaen ligg ca. 6 km frå Sentrum retning Reit im Winkl. Det går gratis shuttlebussar fram og tilbake. Går bl.a. frå Jernbanestasjonen i Ruhpolding. Sjølv om det er 20.000 tilskodarar som skal på bussen, går dette effektivt. Også fordi folk er normalt tidleg ute til stadion, og fordi dei fleste vert att ei stund i ”teltet” etter konkurranse. Det går også greitt å gå til/frå arena, tek ca. 1t 15 min., på gangveg. Teltet er altså Fest/Ølteltet, med musikk, mat/ølservering, og stor stemning… - Til konkurransane har eg pr. no kjøpt 10 tribunebillettar, på seksjon B. Evt.resten vert supplert seinare. Det er ein billett pr. pers.; som må takast vare på frå dag til dag.
”Fritid”.
Dei fleste løpa går forholdsvis seint. Noko tid på føremiddagen har ein derfor til å gå rundt i ”by’n” el.likn. Det er også inkludert eit X-traCard i prisen på leiligheitene; eit kort som alle får utlevert. Organisert av turistkontoret i Ruhpolding, og som gjev gratis tilgang til :
http://www.ruhpolding.de/wcms/binary/Server.dll?Article?ID=1&Session=1-KS1pa4sS-1
- Gondolbane til Rauschberg. Fjell sentralt i Ruhpolding, med kjempeutsikt over ”halve” Bayern og inn i Østerrike. Sterkt anbefalt i godt vær.
- Unternbergbahn. Stolheis til alpinbakke i Ruhpolding.
- ”Vita Alpina”, stort innandørs (+ utandørs) badeanlegg.
- Transport til skiløyper (turløyper), og det største alpinanlegget i nærleiken: http://www.ski-hütte.at/en/skigebiete/steinplatte.html 20 min. med buss frå Ruhpolding, til gondol til fjells.
- Lokalbussar.
- osv.
Alternativ: Bytur til Salzburg eller München. Kan kjøpa ”Bayernticket” til toget, som gjeld for ein dag, frå 09 og morgonen til 03 om natta. Kostar ca. 250 kr. totalt for 5 personar, og kan reisa kvar ein vil ei Bayern, inkl. Salzburg i Østerrike. Salzburg ligg 35 min. unna med bil, ca. 50 min. med tog (eitt togbytte). Reise til München er ein god time med bil og ca. to timar med tog (inkl. eitt togbytte).
Betaling.
De betalar no deler av summen, som ca. dekker stadionbillettar og evt. flyreise. Resten av betalinga avventar me med. Det vert i alle fall ei endeleg avrekning etter turen, etter at rekneskap er sett opp.
Sportsleg program:
- Opningsseremoni: Tirsdag 13. jan. kl.
- Stafett damer, 4 x 6 km: Onsdag 14. jan kl. 14.30
- Stafett herrar, 4 x 7,5 km: Torsdag 15. jan. kl. 14.30
- Sprint damer, 6 km: Fredag 16. jan. kl. 15.00
- Sprint herrar, 7,5 km: Laurdag 17. jan kl. 14.30
- Fellesstart damer, 10 km: Søndag 12. jan. kl. 12.30
- Fellesstart menn, 12,5 km: Søndag 12. jan. kl. 15.40
Dvs. svært interessant program i år. Premieutdeling er kvar kveld etter løpa, i Champions Park inne i ”Byen”. Sundag etter løpa på stadion.
Kostnadane fordelt ca. som vist under, og ca. som i fjor (det er litt ugunstigare kurs på euroen i år, og er vorten ugunstigare utover året):
Flybillettar tur/retur: (2.600,-)
Overnatting, 6 netter: 1.950,-
Stadionbillettar: 1.300,-
Transp. til/frå flyplass München: 500,-
Andre utgifter: 100,-
Totalt: 6.450,-
Nr. |
Navn |
Adresse |
Mob. |
1 |
Nils Gunnar Finne |
Moavegen 30, 6893 Vik |
+47 91513117 |
2 |
Hanne Christin Finne |
Moavegen 30, 6893 Vik |
+47 95941478 |
3 |
Vidar Hauglum |
6893 Vik i S. |
+47 41611879 |
4 |
|
|
|
5 |
|
|
|
6 |
|
|
|
7 |
|
|
|
8 |
|
|
|
9 |
Jarle Rømoen |
2420 Trysil |
+47 97177740 |
10 |
Einar Hyllvang |
2420 Trysil |
|
11 |
Erling Rønning |
Rustmyrvegen 10, 2420 Trysil |
+47 91332569 |
12 |
|
|
|
13 |
Thomas Skjerven |
Hestnes 23A, 6869 Hafslo |
+47 97791790 |
14 |
Bjørg Skjerven |
Hestnes 23A, 6869 Hafslo |
+47 97791791 |
15 |
Ole-Thomas Trangen |
Ekromskogen 15A, 2624 Lillehammer |
+47 91846023 |
16 |
Jorun Grete Lindset |
Ekromskogen 15A, 2624 Lillehammer |
+47 91606052 |
17 |
|
|
|
18 |
|
|
|
19 |
|
|
|
20 |
|
|
|
21 |
|
|
|
22 |
|
|
|
23 |
|
|
|
24 |
|
|
|
25 |
|
|
|
26 |
|
|
|
27 |
|
|
|
28 |
|
|
|
29 |
|
|
|
30 |
|
|
|
31 |
|
|
|
32 |
|
|
|
33 |
|
|
|
34 |
|
|
|
35 |
|
|
|
36 |
|
|
|
37 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
38 |
|
|
|
39 |
|
|
|
40 |
|
|
|
41 |
|
|
|
Ta kontakt ved spørsmål el.l. Sjekk om det er feil på lista og gje evt. beskjed.
Mh Nils Gunnar
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. 91513117