Reise dit

Fly

Enklaste måten å komme til Ruhpolding, er med fly til München. Dvs. flyplassen i Salzburg ligg vesentleg nærare Ruhpolding, men rutetilbodet er mindre og prisane som regel høgare.Til Salzburg går det ein del flygingar på vinterstid frå div. norske flyplassar, spesielt for skituristane til Alpane. Men ikkje kvar dag.

Det er gode rutetilbod frå større norske byar, til München. Sjekk spesielt rutene til KLM, SAS, Norwegian, Lufthansa. Meir spesielt er Air Berlin, via Berlin til München eller Salzburg, eller Air Baltic via Riga. – Flyturen frå Norge til München tek ca. 2 timar.

München Int. er oppkalt etter ein av München sine store søner (?) Franz Josef Strauss. Opna på 1990-talet, er Europas 6 største flyplass, og ein av dei mest moderne. Terminal 1 husar bl.a. Norwegian og KLM, mens Terminal 2 er den nyaste og bl.a. SAS og Lufthansa held til her.